Gnist er ein idédugnad for Distrikts-Norge og ei konkurranse om å levere dei beste konsepta for utvalde kommunar.
Våren 2021 leverte vi forslaget «Rein mat i sentrum» til innovasjonskonkurranse for Vang kommune. Oppgåva var «stedsidentitet som utgangspunkt for fremtidens
bolig- og næringsmodeller».
Vi leverte saman med Telemarksforskning og firmaet Mat og Fat – og gjekk til finalen.
No signaliserer kommunen at dei vil involvere forslaget vårt i utviklinga av sentrum.
Rein mat i sentrum tek utgangspunkt i at Vang sentrum treng:
-ein uformell, open og inviterande møteplass som midtpunkt i eit levande bygdesentrum
-eit lett tilgjengeleg utsal for lokale matskattar
-nye arbeidsplassar basert på lokale ressursar
-varierte, lettbudde og sentrumsnære bustader
For å oppnå måla er det fokusert spesielt på:
-ny bruk av tome hus i sentrum
-verdiskaping med grunnlag i lokale råvarer, spesielt lokalt reinskjøt,
ein ressurs som i dag går ut av distriktet for foredling og sal.
Konkurranse
Rein mat i sentrum
2021
Vang i Valdres
Vang kommune/DOGA og Nordic Edge